Del Skriv ut Legg til bokmerke
Familie: Lærar Andreas Abelsen Haugland / Hilda Julie Haugland, f. Skurdal

Familie: Lærar Andreas Abelsen Haugland / Hilda Julie Haugland, f. Skurdal

g. 26 Des 1918

 

» Gruppeskjema     1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning

Laster...



Andreas A. Haugland, 70 år 1960

Pinsaftan, laurdag 4. juni, rundar lærar Andreas Haugland, Uskedalen, syttiårsdagen.
Han er seminarist frå Stord og etter utdanlnga var han lærar ymse stader, lengste tidi på Sunde i heimekommuna. Då Haugland skule vart ledig, søkte han denne og flytte til heimlege trakter.

Andreas er heimekjær og han trivest mellom sine eigne. Her har han lagt ned eit stort arbeid i skule og i kyrkja som organist. Hjartebarnet hans var song og fråhaldssak. Han stod i brodden for å reisa grendahuset Vonheim og han leida Uskedalens blanda songkor i mange år. Likeeins losje Uskedølen (I.O.G.T.). Kjøkemeister i bryllup og gravferder var han, og elles i medgang og motgang kring i heimane har han vore med og delt gledene og gjeve trøyst imotgangen.

Skulen slutta han i fjor og nyt no sitt otium saman med si stillfarande og gilde kona, Hilda. Dei har 4 born. Vener og bygdefolket ynskjer til lukka med dagen.
Ein ven.


FilnavnAndreas_Haugland_70_01_small.jpg
Filstørrelse383.31k
Dimensjoner835 x 1500
Linket tilFamilie: Haugland/Haugland (F6)

» Gruppeskjema     1 2 3 Neste»     » Lysbildefremvisning