Anetaler, stamtavler, tidslinjer, bilder og dokument m.m. (Norsk, English, Svenska) Til databasen.
LIVSHISTORIER frå mor mi si slekt. Torbjørn og Aletta Musland, foreldrene til mor mi, budde på Øvre Sandvik i Omvikdalen. (Norsk). Til heimesida.
På gång!
Hilda og Andreas Haugland si slekthistorie kjem under våren 2014
LIVSHISTORIER frå far min si slekt. Hilda og Andreas Haugland, foreldrene til far min, budde på Haugland i Uskedalen. (Norsk)
Eg tok til slektsforskning jula 2011. Mykje informasjon om slekta finn eg på Digitalarkivet i kjelder som kykjebøker, folketeljingar, pantebøker og skiftematerial, men eg brukar og litteratur som bydge-bøker og ulike websider. Og så pratar eg med slekta.
I tida framover kjem eg til å konsentrera meg på å presentera den informasjonen eg alt har funne. Eg håpar slektsforskninga mi skal vera av interesse både for slekta og for andre med tilknytning til folk og bygder.
Astrid Haugland
astrid@haugland.se
Sist oppdatert: 16 januar 2014
Mor mi kjem från Omvikdalen og far min frå Uskedalen i Kvinnherad kommune i Hordaland. Så langt tilbake som eg har komme i slektsforskninga så har eg funne større delen av røtene mine i Kvinnherad. Nokre forfedrene har eg óg funne i dei andre Sunnhordlandskommunane Tysnes, Stord og Etne og dei tidligare kommunane Skånevik og Fjelberg.
Den fjerdedelen av forfedrene som ikkje kjem frå Sunnhordland står farmor mi, Hilda Skurdal for. Ho var fødd på Stange i Hedemark og vekste opp på Hamar. Far hennar kom frå Sør Fron i Gudbrandsdalen.
Dette er ein interaktiv slektsdatabase for slekta både på far min og på mor mi si side. I databasen finns anetavler, stamtavler, tidslinjer, bilder, dokument och anna kjeldematerial.
I databasen kan du óg få fram olike former for statistikk. Du kan for eksempel finna ut kven som har levd lengst, gjenomsnittlig levetid, kor dei fleste kom ifrå og kven som ligg begravde på samme kyrkjegard.
Databasen vart skapa i desember 2013 og vert fylt på kontinuerligt.
Besteforeldrene mine på morssida og på farssida har fått kvar sine heimesider. Der samlar eg så mykje eg kan finna om livet til einskilde familiar og familiemedlemmar i bakåt i tida. Når mange små bitar vert foga saman finn ein ofta konturen av eit heilt liv.
Kvinnherad kommune. Från Google Maps.
Copyright © All Rights Reserved